| Vinterdag med internasjonale sogningar på DHS |
Søndag 7. mars var det folksamt på De Heibergske Samlinger. Om lag 500 menneske hadde funne vegen til museet for sjå, oppleva og læra meir om dei ulike kulturane som no bur saman i sognebygdene.
Les heile saka 09.03.2010
|
 |
| Unikt studietilbod i kulturformidling |
HSF og fylkeskommunen ved ABM Sogn og Fjordane har sett entreprenørskap og digital kulturformidling i samanheng og utvikla eit nyvinnande studium i nasjonal samanheng. Målgruppa spenner vidt frå den kulturinteresserte til den som arbeider innanfor næringsliv, skule - og kultursektor. Studiet har tittelen "Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling", er gratis og gir 10 studiepoeng. Søknadsfristen er 15. april.
Les heile saka 26.02.2010
|
 |
| Vil du arbeida med kultur på nett? |
I fylkeskommunen har me digital formidling av kultur på Internett som eit av våre satsingsfelt. Tanken er at du skal få tilgang til kultur der du er og at du skal kunne vera med å dela din kunnskap om lokal kultur og natur. Fylkeskommunen arbeider difor med å yte gode tenester til ulike målgrupper på nettet som til dømes formidling av foto, artiklar og nyhende. No er det ledig vikariat som rådgjevar/ fagkoordinator. Kanskje er det nettopp du om får jobben?
Les heile saka 23.02.2010
|
 |
| Kunstsenteret: syn:tese |
Tre vel etablerte kunstnarar frå Trondheim har funne fram til ei syntese for deira ulike kunstnarlege uttrykk. Dei lagar kunst som ikkje er basert fantasi eller intuisjon. På ulike måtar er det derimot matematikkens "ukjente lover" som styrer kreativiteten når desse kunstnarane vil lage noko.
Les heile saka 20.01.2010
|
 |
| Lokalt kulturliv i endring |
Det lokale kulturlivet endrar seg. Det tradisjonelle frivillige organisasjonslivet taper mange stader terreng til fordel for nye aktivitetar. Nye, profesjonelle aktørar dukkar opp. Kva er det eigentleg som skjer? Professor Olaf Aagedal har leia eit nasjonalt forskingsprosjekt om endringar i det lokale kulturlivet. Hovudfunna vil han presentera under konferansen "Lokalt kulturliv i fokus" på Skei 25. - 26. januar.
Les heile saka 11.01.2010
|
 |
| Riksantikvaren med kulturminnesøk |
Gjennom den nye tenesta Kulturminnesøk kan du søka fram og dela informasjon om freda kulturminne og kulturmiljø. Det er Riksantikvaren som gjer kunnskap om arkeologiske kulturminne, bygningar og anna tilgjengeleg for alle på nettet.
Les heile saka 14.12.2009
|
 |
| Førjulskveldar på Sogn Folkemuseum |
Onsdag 9., måndag 14 og onsdag 16. desember inviterer museet heile familien til ettermiddagsbesøk frå kl. 15 til 19.
Les heile saka 07.12.2009
|
 |
| Kulturminneåret: Flott premie til Dale skule |
Dale skule i Luster var ein av skulane som valde seg ut eit favoritt kulturminne i 2009 og vart med i ein konkurranse lyst ut av prosjektgruppa for Kulturminneåret i Sogn og Fjordane. For dette vann dei eit digitalt spegelreflekskamera.
Les heile saka 01.12.2009
|
 |
| Kunstmuseet opnar ny utstilling |
Søstrene Ida og Elisa Helland - Hansen frå Bergen stiller ut saman i Kunstsenteret i Førde. Opninga av utstillinga " Søsken-søsken" vert fredag 20. november klokka 15 - 18.
Les heile saka 19.11.2009
|
 |
| Arkivdagen: Fylkesarkivet held ope hus |
Laurdag 14. november er Arkivdagen 2009. Arkiv i alle dei nordiske landa markerer dette med omvising i magasina sine og framvising av godbitar frå samlingane.
Les heile saka 12.11.2009
|
 |
| Fylkesbiblioteket med nettutstilling om bokbåten |
Bokbåten Epos er eit levande kulturminne langs vestlandskysten. Lasta med 6000 bøker, teater Fusentast, to bibliotekarar, ein kokk og ein kaptein var bokbåten ute frå 14.10 til 01.11. Fra øyane ute i Flora til innerst i Nærøyfjorden og nordover til Måløy. Fylkesbiblioteket har laga ei flott nettutstilling som du kan sjå her på kulturnett.
Les heile saka 11.11.2009
|
 |
| DHS: Boklansering og utstillingsopning |
De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum og Skald forlag
inviterer til boklansering og utstillingsopning torsdag 29. oktober kl. 19.00
på De Heibergske Samlinger - Sogn folkemuseum.
Les heile saka 26.10.2009
|
 |
| Sundagsseminar i Vikjahalli 25.oktober om Fjordkulturen |
Vik Lokalhistoriske Arkiv og Vik Historielag, i samarbeid med Vik Ungdomslag arrangerar Sundagsseminaret i Vikjahalli fyrstkommande sundag, kl 20. Seminaret har "Fjordkulturen" som tema, og byr på ikkje mindre enn ein filmpremiere.
Les heile saka 22.10.2009
|
 |
| Unikt møte mellom fortid og notid for elevar i Sogn |
Tidleg på 1800-talet gjorde kunstnarar den fantastiske, ville og utilgjengelege naturen på Vestlandet kjend forbåde nordmenn og etter kvart turistane. Bilda deira var med på å skape framveksten av den seinare turismen, og den organiserte ferdsla over fjella.
Les heile saka 15.10.2009
|
 |
| Temakveld på Kystmuseet |
Onsdag 21.oktober kl.18.00 - 19.30 vert det temakveld på Kystmuseet. Føredragshaldar Åsa Elstad tel opp tema moteløver og heimføingar - tekstilar og samfunnsendringar langs kysten.
Les heile saka 15.10.2009
|
 |
 |
| Nyhendearkiv |